- Hva kan du gjøre? -

Bli med!

Det norske kulturlivet er laga for, og avheng av, alle oss som bur her i landet – både dei som sjølve driv med ulike former for kultur, og dei som tar i bruk ulike kulturtilbod i heimkommunen.

Vi treng politikarar som satsar på kultur!

 

Me har laga ei liste over fire ting du kan gjera for å støtta Kulturkampen.

  1. Del ditt beste kulturtips! I denne kampanjen ynskjer me å setja fokus på all den spennande kulturen som finst her til lands. Kva er ditt beste kulturtips? Eit dikt du lærte deg utanåt då du var barn? Ei framsyning du gler deg til på teateret til hausten? Ein konsert med den lokale kulturskulen? Ta eit bilete som passar til kulturtipset ditt, og del det på Instagram, Facebook og andre sosiale medium med emneknaggane #mittkulturtips og #kulturkampen.

 

  1. Lik og del: Dess meir synleg Kulturkamp-kampanjen er, dess større er sjansen for at fleire blir merksame på kor viktig eit regjeringsskifte er for eit rikare kulturliv. Ved å dela dei ulike innlegga til Kulturkampen på Facebook, Instagram og andre sosiale medium, og ved å fortelja vener og kjente om innhaldet i kampanjen, og kvifor du meiner me treng ei større satsing på kultur, bidrar du til å setja kulturpolitikk på dagsorden.

 

  1. Kontakt stortingskandidatane frå ditt fylke: Viss veljarane ikkje fortel politikarane at kultur er viktig for dei, er sjansen mindre for at politikarane set kultur på dagsorden. Ta kontakt med stortingskandidatane i fylket du bur i, anten på Facebook, på e-post eller ansikt til ansikt på torgmøte og debattar, og fortel dei kvifor kultur er viktig for deg, og at du forventar at dei arbeider for eit rikare kulturliv når/om dei blir innvalde på Stortinget.

 

  1. Røyst! Det aller mest konkrete du kan gjera for å sikra at me får ei ny regjering som bryr seg om kultur, er å nytta røysteretten din. Frå 10. august kan du førehandsrøysta i alle norske kommunar. Alt du treng, er legitimasjon. Du kan sjølvsagt også røysta på sjølve valdagen, 11. september – då må du røysta i den kommunen du er registrert i). Sei nei til ei regjering som ikkje bryr seg om kultur, og ja til ei ny regjering, med Jonas Gahr Støre som statsministar, som vil jobba for kulturelt mangfald i heile landet!