- AKTUELT -

Kultur i partiprogramma

 

 

Kulturkampen har gått gjennom dei ulike partiprogramma før stortingsvalet, for å sjå kva partia frå venstre til høgre seier, svart på kvitt, om kulturpolitikk. Her kjem hovudpunkta:

Fakta

  • Siden Høyre- og Frp-regjeringen tok over makten i 2013, har bevilgningene til kultur stått stille, og bevilgningene til kulturelle formål på statsbudsjettet ligger i dag på om lag 0,84 prosent. Hadde én-prosentmålet vært opprettholdt, ville omtrent 1,3 milliarder mer gått til kultur enn det som er tilfelle i dag.
get_sub_field('image')['alt']

Arbeidarpartiet

Ap fokuserer på kulturelt mangfald i partiprogrammet, både på scena og blant publikum. Dei vil gjennomføra eit nytt kulturløft, der kulturens del av statsbudsjettet gradvis blir auka til 1 %. Det er om lag 1,3 milliardar meir enn i dag.

 

Utvalde kulepunkt:

 

  • innføra nasjonalt kulturkort for ungdom
  • styrka levekåra til kunstnarane gjennom kunstnarøkonomireform
  • at fleire barn skal kunna gå på kulturskule til ein rimeleg pris
  • innføra ein ny og balansert åndsverkslov
  • innføra ein boklov som sikrar fastprissystemet
  • avvikla gåveforsterkingsordninga

 

Les den fulle utgåva av Aps partiprogram her: https://www.arbeiderpartiet.no/om/partiprogram/

 

Sosialistisk Venstreparti

Også SV vil at 1 % av statsbudsjettet skal gå til kultur. SV fokuserer på viktigheita av gode folkebibliotek og skulebibliotek, kulturskuletilbod til barna og gode vilkår for kunstnarane og rettane deira.

 

Utvalde kulepunkt:

 

  • ta initiativ til ei ny kulturmelding i perioden
  • styrka skulebiblioteka
  • tilby kulturskule til alle
  • sikra kunstnarinntekter i den digitale overgangen
  • foreslå ein teknologinøytral åndsverkslov
  • auka støtta til scenekunstinstitusjonane

 

Les om kultur den fulle utgåva av SVs partiprogram her: https://www.sv.no/arbeidsprogram/kultur-og-idrett/

 

Senterpartiet

Senterpartiet, som òg er samd i 1 %-målet, fokuserer særleg på kva tyding eit rikt og godt kulturtilbod kan ha lokalt. Senterpartiet meiner det er viktig med desentraliserte kulturtilbod som kino, øvingslokale og bibliotek av høg kvalitet.

 

Utvalde kulepunkt:

 

  • auka rammene for kulturskulane
  • betra tilskotsordningane for kulturbygg både til øving, framføring og undervisning
  • ikkje auka kulturmomsen
  • regulera kunstnarstipenda i tråd med pris- og lønnsstiginga
  • styrka løyvingane til kulturminnevern
  • styrka arbeidet for dei samiske språka og dei andre nasjonale minoritetsspråka i Noreg

 

Les den fulle utgåva av Senterpartiets partiprogram her: https://www.senterpartiet.no/politikk/vedtatt-politikk/program-budsjett/senterpartiets-program-2017–2021

 

Raudt

Raudt fokuserer på at kultur er eit offentleg ansvar, og ynsker eit rikt og variert kulturliv der mange ulike kunstformer mottar støtte, uavhengig av kva som har størst kommersiell appell. Dei vil styrka kulturarbeidarar, kulturskulane og ungdomskulturen.

 

Utvalde kulepunkt:

 

  • bruka statlege midlar til å rusta opp lokalbiblioteka som garanterer lik kvalitet i alle kommunar
  • øyremerka midlar til auka satsing på nye og uavhengige kulturuttrykk
  • jobba for at NAV forenklar søknadsprosessane for kulturarbeidarar
  • jobba for å få fleire faste stillingar i offentlege kulturinstitusjonar
  • lovfesta fritidsklubbar
  • auka tilgangen til gratis utleige av utstyr og instrument

 

Les den fulle utgåva av Raudts partiprogram her: https://rødt.no/arbeidsprogram

 

Miljøpartiet dei grøne

MDG legg vekt på at kultur er ein immateriell verdi som burde få større plass i økonomien framfor ressurskrevjande materielt forbruk. I det grøne skiftet kan kulturen bidra med nye, grøne arbeidsplassar.

 

 

Utvalde kulepunkt:

 

  • vidareføra lovpålagd kulturskule
  • auka løyvingane til Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken
  • styrka folkebiblioteka som samlingsstadar
  • legga betre til rette for gatekulturelle uttrykk
  • hindra at same eigar kan kontrollera både forlag, distribusjon og bokhandel
  • sikra sjangerrikdommen i norsk musikkliv

 

Les den fulle utgåva av MDGs partiprogram her: https://www.mdg.no/politikk/partiprogram/

 

Kristeleg Folkeparti

Kristeleg Folkeparti

 

KrF meiner at kunst og kultur er ein viktig del av kristen-demokratiets fellesskapstanke. Dei vil legga til rette for både profesjonelle utøvarar og amatørutøvarar. KrF vil styrka den lokale   lokale kultursatsinga.

 

Utvalde kulepunkt:

 

  • styrka kulturskolane som eit tilbod til alle som ynsker det
  • verna opphavsretten
  • ivareta den kristne kulturarven
  • auka tilskotet til det frie scenekunstfeltet
  • styrka dei profesjonelle kunst- og kulturinstitusjonane
  • gjennomgå kunstnarstipenda og auka tilskota der det viser seg å vera gunstig

 

 

Les den fulle utgåva av KrFs partiprogram her: https://krf.no/politikk/politikk-a-til-a/program-2017-2021/

 

Venstre

Venstre fokuserer på at kultur er viktig for meiningsmangfald. Dei meiner at kulturlivet må støttast økonomisk av både det offentlege og private finansieringskjelder. Dei meiner det er opp til kommunane korleis dei vil finansiera kulturskuletilbodet.

 

Utvalde kulepunkt:

 

  • styrka biblioteka gjennom eit nasjonalt løft for folke- og skulebibliotek
  • legga til rette for kunstnariske såkornfond og stimuleringsmidlar til det frie feltet
  • styrka kunstnarassistentordninga
  • styrka nynorskundervisninga ved at barnehagar får bøker og lydbøker på nynorsk
  • oppretthalda fastprisordninga for bøker den fyrste tida etter utgivinga
  • redusera opphavsrettens vernetid for bruk, men behalda vernetida for kompensasjon, i samband med åndsverk

 

 

Les den fulle utgåva av Venstres partiprogram her: https://www.venstre.no/politikk/politikk-fra-til/

 

Høgre

Høgre legg vekt på talentutvikling og nyskaping i kulturpolitikken. Dei ynsker meir privat engasjement og frivillig innsats i kulturlivet. Høgre meiner at eit levedyktig kulturliv treng fleire finansieringskjelder.

 

Utvalde kulepunkt:

 

  • fortsetja arbeidet for eit fritt og levande kulturliv gjennom både offentleg finansiering og private bidrag
  • bidra til kvalitet og mangfald i kulturlivet med sterkare vektlegging av næringspotensialet i kulturen
  • forenkla og redusera søknadsbyråkratiet i kultursektoren
  • sikra gåveforsterkingsordninga
  • behalda innkjøpsordninga for litteratur, men gje folkebiblioteka større fridom når det gjeld innkjøp
  • liberalisera bransjeavtalen for bøker

 

 

Les den fulle utgåva av Høgres partiprogram her: https://hoyre.no/politikk/program/

 

Framstegspartiet

Framstegspartiet ynsker seg eit kulturliv som i størst mogleg grad finansierer seg sjølv. Dei meiner begeistringa til publikum skal vera avgjerande for kva slags kunstformer som overlever, og at det ikkje er ei offentleg oppgåve å støtta ulike kulturuttrykk.

 

Utvalde kulepunkt

 

  • at kulturinstitusjonar i størst mogleg grad skal vekka engasjement og bidra til større eigenfinansiering
  • at offentleg støtte skal komma folk flest til gode, og gje eit størst mogleg publikum
  • oppretthalda støtte til vedlikehald og investeringar for enkelte nasjonale og regionale kulturinstitusjonar
  • at åndsverklova og forbrukarrettar blir moderniserte
  • stimulera til utanlandsk filminnspeling i Noreg
  • at offentleg støtte til norsk film skal gjera produksjonane mindre avhengige av offentlege midlar

 

Les den fulle utgåva av Frps partiprogram her: https://www.frp.no/hva-vi-mener/prinsipp-og-handlingsprogram